Frå kr 2.200
eks. mva.
Rettleiande timepris er per dato frå kr 2.200 eks. mva.
Du skal vite kva som styrer pris, fakturering og ansvar. Ved oppstart får du ei oppdragsstadfesting med timepris og eit kostnadsoverslag der oppdraget gjer det mogleg.
eks. mva.
Rettleiande timepris er per dato frå kr 2.200 eks. mva.
Ved avrekning av honorar tek ein utgangspunkt i medgått tid, oppdraget sin kompleksitet og oppnådd resultat. Medgått tid er såleis ikkje åleine avgjerande for salærberekninga.
Oppdrag og fakturering
Ved oppstart får klienten ei oppdragsstadfesting som skal underteiknast av advokat og klient. Der blir det mellom anna teke inn opplysningar om timepris og, så langt oppdraget gjer det mogleg, eit overslag over kva oppdraget vil koste.
Normalt blir det fakturert etterskotsvis om lag ein gong i månaden. Ved større omkostningar, til dømes dokumentavgift, kan det bli kravd forskotsbetaling.
Advokaten kan krevje at nye klientar betaler eit forskotsbeløp knytt til oppdraget. Beløpet blir avrekna ved seinare fakturering.
Særskilde utlegg og administrasjonskostnader kjem i tillegg til honorar.
Det kan vere aktuelt med offentleg rettshjelp eller forsikringsdekning i enkelte saker. Samstundes er det viktig å vite kva ansvar klienten sjølv har ved tvist.
For enkelte sakstypar, og under føresetnad av at klienten ikkje har for høg inntekt eller formue, kan det offentlege dekkje det alt vesentlege av honorar og utgifter. Søknad om fri rettshjelp kan sendast av advokaten.
Les om fri rettshjelpEin del sakstypar kan vere dekte av rettshjelpsdekninga i vanlege heim-, villa- og landbruksforsikringar. Ved dekning må klienten normalt betale eigendel.
Ved saker der det ligg føre tvist, eller tvist kan oppstå, er klienten ansvarleg for eigne advokatrekningar uavhengig av motparten sitt saksomkostningsansvar.
Ved tvist
Tillit og kontroll
Advokaten er forplikta til å handsame alle opplysningar frå eller om klienten fortruleg. Teieplikta gjeld også tilsette hos advokaten og i kontorfellesskapet.
Advokaten oppbevarer saksdokument i arkiv i 10 år etter at saka er avslutta. Originale dokument blir returnerte ved saksavslutning.
Klienten kan få vurdert om oppdraget er utført i samsvar med god advokatskikk, og kan klage dersom ein er misnøgd med salæret sin storleik.
Som hovudregel er klagefristen 6 månader. Reglar for god advokatskikk og nærare opplysningar om klageordninga finn du hos Advokatforeningen.
Uansett om du står framfor ei konkret sak eller berre treng ei første vurdering — vi lyttar, gjev tydelege svar og seier frå kva neste steg er.
E-post
kontakt@advokatmardal.noOpningstider
© 2026 Advokat Mardal