Juridisk rådgiving om eigedom og avtalar
Eigedomsmegling

Skal du selje bustad?

Vi har lang erfaring med sal av einebustader, leilegheiter, gardseigedomar og fritidseigedomar. Kjerneområdet vårt er Gloppen, Stryn og Jølster.

Gloppen eigedomsmekling
Profesjonell meklarteneste

Lokal kunnskap — og lang erfaring frå heile regionen

«Vi er opptekne av å yte ei profesjonell meklarteneste med sikte på at både seljar og kjøpar skal bli fornøgd.»

Jan Erik Mardal · advokat og meklar

Det er lurt å starte planlegginga i god tid. Det kostar ikkje noko å ha eit førehandsmøte med meklar.

Juridisk rådgiving om eigedom og avtalar
Prisar

Tydelege rammer — full oversikt før du går vidare

01

Meklaroppdrag

Honorar til meklar vil normalt ligge omkring

kr 58 000,–

inkl. mva.

I tillegg kjem utgifter til annonsering m.m. Du får full oversikt over alle kostnader i utkast til oppdragsavtale.

02

Kontraktsoppgjer — fastpris

Kjøpeavtale, skøyte og oppgjer til fastpris

kr 25 000,–

inkl. mva.

I tillegg til ordinære meklaroppdrag tilbyr vi kontraktsoppgjer som eit alternativ — passar for partar som allereie har forhandla prisen seg imellom.

Slik går vi fram

Frå første samtale til overtaking

Ein tydeleg arbeidsmåte gjev deg føreseielegheit — du veit alltid kva som skjer, kva det kostar og kva som er neste steg.

  1. 01

    Innhenting av tilstandsrapport

    Seljar tek sjølv kontakt med takstmann for bestilling av tilstandsrapport som tilfredsstiller krava frå 1.1.2022. Meklar har oversikt over aktuelle takstmenn i distriktet. Tilstandsrapporten kan ikkje vere eldre enn 6 månadar når eigedomen blir lagt ut for sal. Rapporten er også ein føresetnad for å kunne teikne bustadsalsforsikring.

  2. 02

    Synfaring med meklar

    Så snart takst ligg føre og oppdragsavtale er signert, vil meklar gjere synfaring av eigedomen saman med eigar. Meklar gjev m.a. tips om klargjering av eigedomen før fotografering og sal.

  3. 03

    Fotografering

    Vi har fast avtale med lokal fotograf som tilbyr ulike fotopakkar til gunstig pris. Seljar avtaler sjølv tidspunkt for fotografering med fotografen.

  4. 04

    Utarbeiding av salsprospekt

    Meklar innhentar dokumentasjon til salsprospekt — t.d. reguleringsplan, 2D-teikningar og energiattest. Salsprospektet skal godkjennast av seljar og blir trykt av lokal produsent.

  5. 05

    Annonsering og visning

    Eigedomen blir annonsert på FINN, heim.no, Facebook-sida vår og andre kanalar så snart salsoppgåva er klar. I tillegg tilrår vi annonse i lokalavis(er), og eit «Til sals»-skilt blir hengt opp på bygningen. Meklar er ansvarleg for gjennomføring av visning om ikkje anna er avtalt.

  6. 06

    Kontraktsmøte og avslutning

    Så snart det er gitt aksept av bod, blir det avtalt kontraktsmøte mellom partane. Overtaking skjer normalt seinast 3 månader etter aksept av bod.

Bustadseljarforsikring

Vi formidlar forsikring gjennom Gjensidige

Ein tilstandsrapport er ein føresetnad for å kunne teikne bustadseljarforsikring. Les meir om dekninga hjå Gjensidige.

Les meir
Ta kontakt

Lat oss ta ei uforpliktande samtale

Uansett om du står framfor ei konkret sak eller berre treng ei første vurdering — vi lyttar, gjev tydelege svar og seier frå kva neste steg er.

Opningstider

Opningstider

Måndag – fredag 08:00 – 15:30
Laurdag – søndag Stengt

© 2026 Advokat Mardal