Mange skriv framtidsfullmakter – advokat advarar mot å gjere feil som kan føre til at den blir ugyldig

Framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til verjemål der ein sjølv kan peike ut den som skal ta avgjersler på vegne av seg sjølv, dersom ein i framtida ikkje er i stand til dette på grunn av sjukdom som til dømes demens. Det har kanskje aldri vore viktigare å sikre framtida med ei korrekt utfylt framtidsfullmakt, ifølge samarbeidsadvokat og distriktsleiar Jan Erik Mardal i Huseierne avdeling Sogn og Fjordane. Interessa for slike fullmakter har eksplodert, men mange risikerer at fullmakta blir ugyldig på grunn av små, men fatale feil.

Advokat Jan Erik Mardal har lang erfaring med å bistå ved skriving av framtidsfullmakter og har helde ei rekkje foredrag om emnet kring om i fylket. Han opplever ein sterk auke i henvendingar frå folk som ønskjer å få ordna ei slik fullmakt. - Det er jo gjerne litt godt vaksne personar som skriv framtidsfullmakt, men Mardal påpeikar at også yngre personar bør vurdere dette, særleg dersom ein eig eigedomar eller sit med eigarinteresser i selskap.

Eit alternativ til offentleg verje

Sjølv om ein kan få oppnemnd offentleg verje om det skulle bli behov for det ein gang i framtida, veit vi at mange avgjerder som ei verje skal ta treng samtykke frå Statsforvaltaren. Dette går typisk på kjøp og sal av eigedom og utbetaling av større midlar til sine nærståande. Ved ei framtidsfullmakt treng ein ikkje slik godkjenning, men kun ei stadfesting av at fullmakta gjeld. Det er likevel svært viktig at fullmakta er skriven på ein formelt rett måte understrekar advokat Mardal, som advarar mot å nytte standard malar som ein finn på nettet utan å gå grundig gjennom sin eigen situasjon og behov. Det er også lett å gjere formelle feil som kan medføre at fullmakta seinare blir rekna som ugyldig og dermed ikkje kan nyttast. Då kan det vere lurt å ta ein gjennomgang med advokat som har god kunnskap om slike fullmakter. Huseierne har nyleg lansert ei digital løysing for framtidsfullmakt som kan vere veldig praktisk for mange seier Mardal.

Personlege og økonomiske oppgåver

Ei framtidsfullmakt vil normalt innehalde både personlege og økonomiske oppgåver. Dei personlege går mest på å ta avgjerder om kvar ein skal bu og kva omsorg som skal gis. Her er det viktig at fullmakta gir rett til å innhente helseopplysingar frå det offentlege som er nødvendig for å t.d. søkje om omsorgsbustad.

Økonomiske oppgåver vil vere å sørge for å betale rekningar, ordne med forsikringar og eventuelt sal av eigedom og aksjar mv. Dei største fordelane med framtidsfullmakt er nok at ein kan bestemme at fullmektigen kan sørge for at bustaden blir seld når ein sjølv ikkje lenger nyttar den, typisk om ein har fått fast omsorgsbustad. Då kan fullmektigen også få fullmakt til å fordele salssummen til bestemte personar, som til dømes born eller andre framtidige arvingar. Det kan også gis fullmakt til å betale ut midlar som forskot på arv.

Fleire fullmektigar?

Vi tilrår at ein ikkje har fleire fullmektigar som skal utføre dei same oppgåvene seier advokat Jan Erik Mardal. Dette for å unngå at det blir vanskeleg å ta nødvendige avgjerder om t.d. sal av eigedom. Mange ønskjer til dømes at alle borna i fellesskap skal vere fullmektigar. Dette meiner

Mardal er noko ein må tenkje nøye igjennom. Sjølv om det gjerne er god tone mellom borna i dag, kan ein ikkje garantere at det same gjeld om 10 eller 20 år. Då kan det oppstå krevjande situasjonar for dei som skal utføre oppgåvene i fellesskap.

Nokre vel gjerne å ha fleire fullmektigar som skal utføre ulike oppgåver, typisk fordelt på personlege og økonomiske gjeremål. Dpå er det viktig at fullmakta er tydeleg på slik oppgåvefordeling. Ein bør også ha ein reserve dersom fullmektigen ikkje kan eller vil ta på seg oppdraget.

Den som har ektefelle eller sambuar vil som regel sette opp kvarandre som fullmektigar. Mardal tilrår at det blir skrive fullmakt frå kvar enkelt. Det er også viktig at ein har to vitner som kan stadfeste signaturen på fullmakta og som kan gå god for at vedkomande har forstått kva han eller ho har skriv under på.

Er det nødvendig med legeerklæring for å skrive framtidsfullmakt?

Advokat Jan Erik Mardal seier han får mange spørsmål rundt behovet for legeerklæring ved skriving av framtidsfullmakt. For at ei slik fullmakt skal tre i kraft må det føreligge legeerklæring som fastslår at fullmaktsgivar ikkje lenger har beslutningskompetanse på det området som fullmakta omfattar. Det er likevel ikkje er krav om at ein skal hente inn legerklæring når ein skal skrive slik fullmakt, men dersom ein har høg alder eller nedsatt kognitive evner på grunn av sjukdom, kan det vere lurt å få ordna med legeerklæring. Det er nemleg slik at ei framtidsfullmakt i visse tilfelle, typisk ved sal av eigedom, må stadfestast av Statsforvaltaren før den kan nyttast. Vi kjenner tilfelle kor det har gått svært kort tid frå fullmakta vart skriven til den har trådt i kraft, at fullmakta er blitt kjent ugyldig av Statsforvaltaren. Sånn sett kan ei legeerklæring frå tidspunktet ein skreiv fullmakta vere gull verd seier Mardal. Det er viktig at ei eventuell legeerklæring blir oppbevart saman med fullmakta.

Oppnemning av verje der det er behov

Dersom det skulle vise seg at framtidsfullmakta ikkje dekker oppgåver som det er behov for å utføre, eller det reiser seg habilitetsutfordringar, vil ein alltid kunne få oppnemnd offentleg verje til å utføre den aktuelle oppgåva. Mardal understrekar at sjølv om det er svært praktisk med ei privat framtidsfullmakt, må ein samstundes vere nøye på å velge ein fullmektig som ein kjenner godt og som ein har høg tillit til. Vi tilrår alltid at fullmektigen skal ha ei plikt til å dokumentere sitt arbeid ved kontoutskrifter og kvitteringar overfor eventuelle andre nærståande. Eg trur dette også er i fullmektigen si interesse å kunne bli kika i korta og ikkje bli mistenkt for å gjere disposisjonar til fordel for seg sjølv i strid med det fullmaktsgivaren har meint, påpeikar Jan Erik Mardal.

Oppbevaring

Det er i dag ikkje noko offentleg oppbevaringsording for framtidsfullmakter slik som for testament. Ein må derfor sørge for å oppbevare originalfullmakta på ein trygg plass, gjerne der også fullmektigen får eit eige eksemplar eller i alle fall ein kopi. Dersom ein seinare ønskjer å endre på fullmakta, må dette skje ved at ein skriv ei ny fullmakt med vitner.